tirsdag 5. januar 2010

Nytt år!

Det er no 2010. Eg er snart 20 år. Eg hugsar godt den gong då eg va lita jente og såg på ein bankting. Der stod det at eg kunne ha ansvar den dagen eg vart 18. Datoen var 13.10.2008. Tida har gått fort, for den dagen er det allereie eitt år og åttifem dagar sidan. Det er 450 dagar, 10800 timar, 648 000 minutt og 38 880 000 sekund sidan. Grunnen til at eg rekna det ut for dykk var eigentleg bare fordi eg ikkje har så mykje anna å gjer på akkurat no...

2010 har så langt vore eit ok år. Eg har blant anna vore på kino og sett Avatar. Ein film full av fantastiske skapningar. ENORMT facinerande!

Og her ein dag var eg hjå ei venninne. Me var ute og ridde. På denne fantastisk flotte skapningen:

For dei som har peiling er dette ein shetlandsponni. Den er ikkje stor, den er heller liten, feit og lat. Dette prakteksemplaret er ikkje eit unntak. Den er heller lat som få. Den einaste motivasjonen der har når ein er på ridetur er rett og slett å få ryttaren av ryggen. Slik at han kan springa kjappast mogleg heim til stallen og maten. Sundag var ikkje eit untak. Denne gongen vart eg berre kasta av ei gong! Det er faktisk ny rekord! Det eg hugsar var at den utspekulerte rakkaren tok ut i nedoverbakken, og eg mista kontrollen. Før eg visste ordet av det så låg eg med hovudet først i den KALDE snøen. Å fy! Det var kaldt. Hesten var godt nøgd og sprang så fort den klarte heimover. ved sida av meg sat Elin og lo. Eller, det kan ikkje kallast leing, det må heller vera ei form for alvorleg pustevanskar. Ho lo så mykje at ho haldt på å detta av hesten ho ridde. Ikkje nok med det, eg hadde visst fått meg ein tilsjåar. Ein skigåar som hadde hakeslep. Han kan i alle fall aldri sett nokon fyka av ein hest før!

Sjølv om eg ofte ligg i bakken, er det alltid like kjekt å ri igjen. Denne gongen var ingen unntak.