fredag 30. oktober 2009

SFO

For nokre veker sidan var det ein unge som pissa i eit skur på skulen. Han hadde gløymt at det ikkje var lov til å gjera slikt...

onsdag 28. oktober 2009

Eikeland!!

På sundag reiste eg heim til Eikeland for å eta middag med den fantastisk rare familien min. I løpet av kvelden var eg skikkeleg dårleg. Eg hadde vore sjuk sidan fredag. Men no var eg heime sjå mams. Her har eg vore sidan då. Med ei mor som passar på at alt er godt.

I dag er det onsdag, og eg trur endeleg at eg er frisk nok til å koma meg tilbake til Tu. Det skal verta godt, for det er ingenting som er så kjedeleg som å vera sjuk. Ein får ikkje gå ut på tur, ein får ikkje gjera noko som er kjekt. Ein er isolert frå resten av verda.

mandag 19. oktober 2009

.

Til no denne hausten har eg overgått meg sjølv i å mista ting! For å presisera det lagar eg ei liste:

- Pengebok (Inkl. Visa, førarprov, kort, og pengar)

- Nøklar (Låste meg ute)

- Mobil (dagleg)

- Bøker

- Sokkar

- Pennar

Generelt, eg har vorte meir vims! Og eg forstår ikkje at det er mogleg!

Tillegg:

- G2 Bryne cd

- Bigbang cd

lørdag 17. oktober 2009

Katarina har fått lappen!

I går fekk Katarina lappen!! Hurra!

Me tok ein rånetur til Ikea og Kvadrat. Det var fint.

Me gjekk til Espen. Me var på konsert. Patricks overraksa, dei er gode.

Dagens bilete:

Blåe hender!

I dag vakna eg opp med to stykk blå hender. Eg trudde at eg var døden nær! Når eg står opp om morgonen er som regel kroppen vaken, leeenge før hjernen byrjar å fungera. Så eg sprang rundt i leiligheita og var litt panisk. Ok, me stopper opp litt der... For fyrst må eg forklara kvifor eg var så redd. For ei blå hand i seg sjølve er jo ikkje så rart, (?!) men i samanheng med det eg var ute for på tirsdag, så kunne dette vera eit veldig dårleg teikn.

På tirsdag, den 13.10.2009 var eg heime for å feira at eg blei eitt år gamlare. Etter ein god og mektig komlemiddag gjekk Ann Elin, Kristian og eg ein tur. Me hadde med oss Toya, hunden vår, som gjekk laus. Til vanleg er denne hunden ganske lydig, men når den får auge på sauer/lam forsvinn alt ho eig av fornuft. På turen var det nokre lam som gjekk og beita. Toya såg dei, ogein laaang tur rundt-om-kring starta. Lamma var på slutten så redde at dei ikkje hadde anna val enn å ta seg ein symjetur. For dei som ikkje er bønder, så er ikkje sauer veldig flinke til å symja. Eg og bror min konkluderte med at det var lurast å symja etter det to lamma som allereie hadde lagt på veg over vatnet. (La meg få lov til å leggja til at det var frost den dagen. Så temperaturen kan ikkje vore spesielt høg.) Det heile enda opp med at eg stod i undertøyet, klar til å hoppa ut i det iskalde vatnet. Eg nølte eit lite sekund, men eg enda opp med å hoppa i det! Ord kan ikkje skildra kor kaldt det var. Det var rett og slett galskap!

Sterkt oppsatt på å redda lamma la eg på svøm over til den andre sida, kor lamma var. Eg fekk til slutt tak i det eine, og fekk det med meg inn til land. Hunden Toya på si side var nøgd med at ho hadde fått endå eit lam ut i vatnet. Til slutt fekk bror min tak i hunden. Då var det eine problemet fjerna, men det var endå to lam som symde rundt i vatnet. Eg, på mi side var så kald, at hjernen ikkje fungerte lenger, så eg kom rett og slett ikkje på at eg burde ta på meg klede. Sjølv om det var ganske kaldt i lufta. Ann Elin sprang rundt og snakka med mamma og pappa, for å få dei ned med sekshjularen. Tida gjekk, og det einaste eg kunne tenkja på, var at eg måtte fortsetja å halda lammet, slik at det ikkje sprang ut igjen. Eg såg jo at eg såg ganske raud ut, men eg kom ikkje på at det var gale.

Ein halv time seinare var eg heime. Dysjen var grusom, for eg var så kald at det gjorde vondt. På grunn av hyperventilering og kraftig hakking av tenner klarde eg ikkje å snakka. Det tok for mykje energi. Mamma og bestemor handla kjapt og ringde legevakta. Dei henviste til 113. Det var då eg innsåg at det var litt alvorleg. All viljestyrke eg hadde vart brukt til å lata som om alt var fint. Etter endå 15 minutter hadde eg forflytta meg frå ein haug med dyner og tepper, ned til omnen. Der var det fint. Eg måtte sjekka kor varm eg var, og temperaturen var 35,2 grader celcius. For å seie det slik, det var ikkje behageleg. Sidan grensa for å varta henta av sjukebilen var 35 grader celcius, slapp eg unna for denne gong. Og eg vart gradvis betre og betre.

Det var ei heftig burdsagsfeiring!

Og forresten, grunnen til at eg var blå på hendene hadde samanheng med at eg skifta sengesett i går kveld. Det var blått. Det farga av.

tirsdag 6. oktober 2009

Klimakrise kor?

Eg vonar at dei fleste har forstått at klimaet me har til vanleg, har samanheng til forureining. Det er forskjellig i kva grad me har erkjent dette. Nokre nektar for at det er samanheng (det finst og forskarar som nektar for det), andre undertrykkjer røyndommen, andre erkjenner det - men gjer ikkje noko med det - og andre erkjenner det - i tillegg til at dei gjer noko aktivt for å endra verda. Då eg las denne artikkelen vart eg sjokkert over kor dårleg framtida ser ut for verda. Då tenkjer eg på mange måtar. Eg ANBEFALAR denne artikkelen sterkt! Sjølv om det kan vera ei vondt å lesa at det faktisk hastar, og at me er NØYDD til å gjera noko for å endra utviklinga.