mandag 28. september 2009

Asfalt!

Dykk trur kanskje at eg har snubla i asfalten eller noko slikt, for det kunne jo vore ganske typisk meg, men det eg vil skrive om i dag er gatemagasinet asfalt. Her ein dag var eg på Rema 1000. Der sat det ein mann som hadde magasinet asfalt i handa. Eg kjøpte eit magasin og gjekk heim. For dei som kjenner til asfalt, veit dei allereie prinsippet bak det. Prinsippet er at seljaren, som kan vera heimlaus eller misbrukar av noko, kjøper eit blad for 25 kroner, og sel det vidare for 50 kroner. Mellomlegget behald seljaren sjølve. Mottoet til dei som starta asfalt er: "give a man a fish, and you feed him for a day. Teach a man to fish and he feeds himself for life." Dette er enormt bra, og eg kjenner sjølve nokon som har brukt denne måten til å få seg eit betre liv. Eg klarer nok ikkje å setja nok fokus på kor viktig det er å støtta dei som treng det.

Ein kan kanskje tenkja at pengane ein brukar brukest til narkotiske stoffer, eller ting som er heilt unødvendige. Men eg trur ofte at dei som er nok oppegåande til å selja, ofte er klare nok til å forstå at dei bør bruka pengane på noko naudsynt. Klart det kan kanskje skje at pengane går til ting dei ikkje skal brukast til. Men eg trur at me som medmennesker bør stola på at pengane vert brukt på ein god måte. Og uansett, kjøper ein eit magasin, sit ein i alle fall igjen med godt lesestoff. Og det er ikkje dyrt med 50 kroner for eit magasin som er av ein såpass god kvalitet. Veldigt mykje bra lesestoff! Eg vil difor oppmoda alle eg kjenner til å kjøpa dette magasinet, anten om det er for å få godt lesestoff, eller om det er for å støtta medmennesker.

torsdag 17. september 2009

Jonathan Strange & herr Norell

Eg held for tida på med denne boka av Susannah Clarke. Og eg vil eigentleg berre meddela at den er veldig kjekk! Det einaste eg ikkje likar heilt er denne eine setningen som er ikkje heilt kjem over: "Videre er det slik at håret hans var rødlig, og som alle vet, kan ingen med rødt hår virkelig sies å være pen". Dette vert sagt i samanheng med ei karakterskildring. Det eg undrar på er, i kor stor grad er det lov å seie nedsetjande ting om andre i bøker? Kor går grensa? Dette er jo ikkje direkte fint å skrive om andre mennesker...

tirsdag 15. september 2009

Val!

Eg har for fyrste gong i mitt liv stemd! Og det var ein blanda følelse. Eg kjenner på mange ting, blant anna frustrasjon. Sjølv om eg har gitt min stemme, følar eg ikkje at det har så mykje å seie. Heilt ærleg, ville eg nok hatt meir makt i mine hender, slik at styret vart akkurat slik eg ville hatt det. For å få det til må eg jo verta politikar, og det er per i dag ikkje aktuelt. Kanskje eg ein dag får sjans til å gjera noko meir enn å stemma. Kanskje eg ein dag får lov til å vera med å bestemma korleis me skal ha det.

lørdag 12. september 2009

Vaskemasinen

Sidan eg allereie har begynt å fortelja om den onde vaskemaskinen, tykkjar eg at det er på sin plass at det som har skjedd i ettertid og fortener sin plass i rampelyset. Fredags ettermiddag fann Solfrid og eg ud at me skulle frigjera kleda som hadde vore 24 timar (utan oksygen) i ein vaskemaskin. Hendingsforløpet var som følgjer: Dør opna, vatn strøyma ut på gulvet, masse tørking, endå meir vatn ut på gulvet, muskelkraft opnar ein hemmeleg propp, endå meir vatn, sokk i filteret og så var alt ute.. Eg trur at grunnen til at vaskemaskinen ikkje har fungert, er at det var ein svær ekkel, gammal sokk i filteret. No vonar eg at maskinen er i orden!

torsdag 10. september 2009

Ein heilt vanleg dag i eigen leilighet

Ok, eg kan berre seie det no, for dette har ikkje vore ein vanleg dag! Heilt fram til ein time sidan var eg ganske godt fornøgd med det eg hadde utretta. Rommet er til dømes rydda OG vaska for fyrste gong sidan eg flytta (sidan eg har støvallergi var dette eit sjakktrekk). I tillegg rydda eg litt rundt forbi. Marita var og på besøk (ho kom faktisk inn denne gonga, hehe det er ganske internt).

Det som skulle endra heile dagen skjedde når eg skulle få gang på vaskemaskinen. Vaskemaskinen er til vanleg ganske merkeleg, kan bruke ein dag på ein vask med klede... I dag hadde den ein anna taktikk for å få meg i dårleg humør. Eg skulle berre setja den i gang, sidan den ofte stoppar opp midt i eit program, då den etter eit lite minutt er stappfull av vatn. Eg tenkte at det kom til og fikse seg, men jammen om eg tok feil! den byrja å hiksa og hoppa, og vatnet strøyma ut der som vaskepulveret høyrar til å vera. Så kosekvelden til Marita og meg enda opp med at eg låg på golvet og tørka vatn, medan Marita sto å lo. Great! (Det var ikkje så mykje anna å gjera.)