lørdag 26. desember 2009

Julegåver



Dette er ein av dei finaste gåvene eg har fått nokon gong. Dei to flotte nissane her er laga av bestemora mi, som er utruleg flink til å strikka. Bestemor strikkar, medan bestefar min lagar brillene og strikkepinnane til nissekona.

mandag 21. desember 2009

Snø

Snø gjør verden hvit.
Hvit er symbol på renhet.
Verden er egentlig skitten og fæl,
så åpner himmelen seg,
og det faller et hvitt teppe over jorden.
Det er nå pent.

torsdag 10. desember 2009

Det har skjedd igjen!

(Dette innlegget skulle ha vore posta den 9. desember 2009. Men grunna latskap vart det ikkje før i dag.)

For snart 17 gong har eg prøvd iherdig å lukke opp ei luke kvar dag i adventskalendaren, forgjeves.

Dei gongene det har gått dårlegast, er når eg har fått adventskalendaren til Undheim & Eikeland skulekorps i handa. Ein heilt vanleg kalendar med 24 ruter. I midten ruvar eit gigantisk bilete av korpset i UNIFORM! Ansikta til korpsingane er lokka til å smila av ein eller annan tullig som står bak kameraet og lagar grimasar. Heilt ærleg veit eg av erfaring at ein heller har lyst til å trekkja den raude uniformslua så langt ned over øyra, at ansiktet ikkje synar. På den måten har ein i alle fall mogleika til å vera anonym korpsing. Ein treng ikkje å vera synleg nørd... På grunn av at eg veit alt dette riv eg opp kalenderen på max 3 sekunder, finn ut om eg har vunne fenalår, viss ikkje går kaledaren rett i bås. For å sleppa å sjå meir på pininga. Dette plar som regel å skje når me får kalendaren på døra. Alltid før 1. desember. (Eg trur nok at mor mi har hatt ganske mykje og seie og, i og med at ho alltid har opna den før meg. Eg har altså vore uthaldane i forhold til hennar standard, eg har følt at eg har vore ei flink og tolmodig jente.)

Så kjem det til kalendaren er likar best. SJOKOLADEkalendaren. Klassikaren. Her er det ein sjokolade for kvar dag. Ikkje naudvendigvis ein god sjokolade. Men tross alt, det er sjokolade. Det betyr at eg ALDRIG har klard å halda meg meir enn ca 4 dagar før heile kalendaren er plyndra. Då eg var lita skjedde dette med at eg opna ei luke, tok ut sjokoladen, og passa på å lukka luka forsiktig igjen slik at ingen skulle merka at eg hadde juksa. Dette gjorde eg med båe min, bror min og systera mi sine kalendarar. Det betydde at eg som regel fekk tre sjokoladar kvar dag. Og når eg hadde lyst på meir tok eg berre ein random dato og knabba sjokoladen.

Når eg no har vorte vaksen var det slutt på sjokoladen. Heilt til eg fekk ein kalendar av mamma. Eg har klart å halda meg heilt fram til i dag. *stjerne i boka* Men no er det slutt. Her er eit vakkert syn av kalendaren min:

mandag 7. desember 2009

Siste veka

Eg hermar litt etter Mari, på hennar tidlegare blogg.

Her er vekas:

største smil: Mari
beste film: Istid 3
beste filmkamerat: Mari
beste kommentar: "Dåkke øjeleggje mæg!", sagt av ein person på gamleheimen me var på besøk hjå
kjekkaste å bu med: Solfrid
herlegaste søster: Ann Elin
beste CD: Dream Theater, Images and Words
kulaste bil: Volvo 740
beste overrasking: fekk sjokoladekalender av mamma
beste middag: pinnekjøtt på Undheim samfunnshus
beste konsert: julekonsert med Gjesdal Brass Band
nedtur: eg saknar dei som er på fhs og ute i verda, kom heim!

Det var litt av veke 49. Eg ser fram til denne veka. Denne veka skal me spela to konsertar, og eg lovar at det vert bra! Kom å høyr! Frøyland/Orstad kirke ondsdag klokka 2000. Sundag i Ålgård Baptistkyrkje klokka 2000.

onsdag 2. desember 2009

Visste du at:

- Det er berre kule jenter som har panneband.
- Dess fortare du trør på ein trøsykkel, dess fortare går den!

Kjelde: SFOungar

fredag 27. november 2009

Politikk og slikt

For tida tenker eg mykje. Tankane svirrar og hovudet kvilar aldreg. Viktige og uviktige tankar som svirrar. Det er slitsomt.

Akkurat no er det politikk som gjer at eg tenkar mykje. Eg sint. Sint fordi eg er skuffa, og kanskje ein smule svikta. Det er heldigvis ikkje vennar som sviktar. Snarare tvert i mot. Det er den norske regjering. Dette året var første gong eg fekk lov til å bruka min stemmerett. Det gjorde eg med godt mot. Eg var ein av dei som stemde raudGRØN regjering. Ein av grunnane var på grunn av klimapolitikken. Det kan eg sjå no var feil av meg. Etter at regjeringa sist torsdag vedtok avgifter på biodiesel så lurar eg på kva regjeringa driv på med. SV som er veldig for miljø, stemmer mot sine eigne verdiar. Og det verkar som om det ikkje er noko problem.

Det er første gong eg er heilt forvirra når det gjeld politikk. Politikk er ikkje lenger politikk. Det er skodespel og drama.

lørdag 21. november 2009

Kick a redhead!

Gårsdagen var ein merkeleg dag. Mykje merkeleg som skjedde. Av alle ting vart eg først teken for å vera ein tiandeklassing. Ikkje at det er så gale, men eg er tross alt ferdig med vidaregåande. Det som var det verste var at det var på jobb. Lærar: "Kva tid er du ferdig med praksisen då?". (Fleire tiandeklassingar har vore i praksis ved Bryne skule for tida) Weronica: "Eg arbeider her. -_-".

Seinare på kvelden var eg på saron på møte. Her var eg ønska velkommen med eit spark i leggen. Eg forstod ikkje så mykje. Vedkommande som sparka spurde om eg ikkje visste kva dag det var. Det byrja å demra for meg at det sikkert var denne dumme og lite gjennomtenkte "kick a redhead-day". Eg er ganske lei av at ein skal få gjennomgå på grunn av hårfarge. Er det nokon som har høyrt om ein dag der ein skal slå blondiner, eller om så va; brunetter?

Litt av ein dag. I dag skal eg forresten i julemiddag :)

tirsdag 17. november 2009

GOD helg!

For ei veke sidan fortalde eg om den ungen som var klar for helg allereie på måndagen. I dag/kveld når eg var inne å handla ein sjokolade var eg så nøgd at eg sjølve presterte å seie GOOD helg! På ein måndag. Kor vetet mitt har teke vegen? det veit eg jammen meg ikkje!

mandag 16. november 2009

"Du ska pigade ha takk for ei goe helg!"

Eg har vore på hyttetur med huskyrkja. Det vart sukses! Me var kanskje litt få, sidan alle jentene hadde svineinfluensaen. Til slutt var det 4 gutar frå 8 klasse og tre leiarar. Me storkoste oss med intern humor og fellesskap.

mandag 9. november 2009

SFO

Eg likar når ungane ønskar GOD helg med enorm innlevelse på ein måndag!

lørdag 7. november 2009

Trening

I går sprang er for første gong på ein månad. Grunnen: Sykkel på reparasjon, bilen starta ikkje, jobb om 5 min. Frå Tu til Bryne skule tek det kanskje 20-25 min å gå. Jikes! Eg sprang! Eg brukte 15 min. Planen var at eg skulle trena i dag, men sidan eg hadde ei intens treningsøkt i går trur eg at eg ventar ei stund til.

Ellers går ting som det skal. Drivhuset, SFO, huskyrkja, bibellesing og ikkje minst besøk. Eg likar å få besøk!

fredag 6. november 2009

November!

Tida går fort!

Det er ikkje lenger snakk om å telja minutta før skuledagen er over. Tida berre rasar av stad. Det er fint, men det går litt kjapt i svingane.

fredag 30. oktober 2009

SFO

For nokre veker sidan var det ein unge som pissa i eit skur på skulen. Han hadde gløymt at det ikkje var lov til å gjera slikt...

onsdag 28. oktober 2009

Eikeland!!

På sundag reiste eg heim til Eikeland for å eta middag med den fantastisk rare familien min. I løpet av kvelden var eg skikkeleg dårleg. Eg hadde vore sjuk sidan fredag. Men no var eg heime sjå mams. Her har eg vore sidan då. Med ei mor som passar på at alt er godt.

I dag er det onsdag, og eg trur endeleg at eg er frisk nok til å koma meg tilbake til Tu. Det skal verta godt, for det er ingenting som er så kjedeleg som å vera sjuk. Ein får ikkje gå ut på tur, ein får ikkje gjera noko som er kjekt. Ein er isolert frå resten av verda.

mandag 19. oktober 2009

.

Til no denne hausten har eg overgått meg sjølv i å mista ting! For å presisera det lagar eg ei liste:

- Pengebok (Inkl. Visa, førarprov, kort, og pengar)

- Nøklar (Låste meg ute)

- Mobil (dagleg)

- Bøker

- Sokkar

- Pennar

Generelt, eg har vorte meir vims! Og eg forstår ikkje at det er mogleg!

Tillegg:

- G2 Bryne cd

- Bigbang cd

lørdag 17. oktober 2009

Katarina har fått lappen!

I går fekk Katarina lappen!! Hurra!

Me tok ein rånetur til Ikea og Kvadrat. Det var fint.

Me gjekk til Espen. Me var på konsert. Patricks overraksa, dei er gode.

Dagens bilete:

Blåe hender!

I dag vakna eg opp med to stykk blå hender. Eg trudde at eg var døden nær! Når eg står opp om morgonen er som regel kroppen vaken, leeenge før hjernen byrjar å fungera. Så eg sprang rundt i leiligheita og var litt panisk. Ok, me stopper opp litt der... For fyrst må eg forklara kvifor eg var så redd. For ei blå hand i seg sjølve er jo ikkje så rart, (?!) men i samanheng med det eg var ute for på tirsdag, så kunne dette vera eit veldig dårleg teikn.

På tirsdag, den 13.10.2009 var eg heime for å feira at eg blei eitt år gamlare. Etter ein god og mektig komlemiddag gjekk Ann Elin, Kristian og eg ein tur. Me hadde med oss Toya, hunden vår, som gjekk laus. Til vanleg er denne hunden ganske lydig, men når den får auge på sauer/lam forsvinn alt ho eig av fornuft. På turen var det nokre lam som gjekk og beita. Toya såg dei, ogein laaang tur rundt-om-kring starta. Lamma var på slutten så redde at dei ikkje hadde anna val enn å ta seg ein symjetur. For dei som ikkje er bønder, så er ikkje sauer veldig flinke til å symja. Eg og bror min konkluderte med at det var lurast å symja etter det to lamma som allereie hadde lagt på veg over vatnet. (La meg få lov til å leggja til at det var frost den dagen. Så temperaturen kan ikkje vore spesielt høg.) Det heile enda opp med at eg stod i undertøyet, klar til å hoppa ut i det iskalde vatnet. Eg nølte eit lite sekund, men eg enda opp med å hoppa i det! Ord kan ikkje skildra kor kaldt det var. Det var rett og slett galskap!

Sterkt oppsatt på å redda lamma la eg på svøm over til den andre sida, kor lamma var. Eg fekk til slutt tak i det eine, og fekk det med meg inn til land. Hunden Toya på si side var nøgd med at ho hadde fått endå eit lam ut i vatnet. Til slutt fekk bror min tak i hunden. Då var det eine problemet fjerna, men det var endå to lam som symde rundt i vatnet. Eg, på mi side var så kald, at hjernen ikkje fungerte lenger, så eg kom rett og slett ikkje på at eg burde ta på meg klede. Sjølv om det var ganske kaldt i lufta. Ann Elin sprang rundt og snakka med mamma og pappa, for å få dei ned med sekshjularen. Tida gjekk, og det einaste eg kunne tenkja på, var at eg måtte fortsetja å halda lammet, slik at det ikkje sprang ut igjen. Eg såg jo at eg såg ganske raud ut, men eg kom ikkje på at det var gale.

Ein halv time seinare var eg heime. Dysjen var grusom, for eg var så kald at det gjorde vondt. På grunn av hyperventilering og kraftig hakking av tenner klarde eg ikkje å snakka. Det tok for mykje energi. Mamma og bestemor handla kjapt og ringde legevakta. Dei henviste til 113. Det var då eg innsåg at det var litt alvorleg. All viljestyrke eg hadde vart brukt til å lata som om alt var fint. Etter endå 15 minutter hadde eg forflytta meg frå ein haug med dyner og tepper, ned til omnen. Der var det fint. Eg måtte sjekka kor varm eg var, og temperaturen var 35,2 grader celcius. For å seie det slik, det var ikkje behageleg. Sidan grensa for å varta henta av sjukebilen var 35 grader celcius, slapp eg unna for denne gong. Og eg vart gradvis betre og betre.

Det var ei heftig burdsagsfeiring!

Og forresten, grunnen til at eg var blå på hendene hadde samanheng med at eg skifta sengesett i går kveld. Det var blått. Det farga av.

tirsdag 6. oktober 2009

Klimakrise kor?

Eg vonar at dei fleste har forstått at klimaet me har til vanleg, har samanheng til forureining. Det er forskjellig i kva grad me har erkjent dette. Nokre nektar for at det er samanheng (det finst og forskarar som nektar for det), andre undertrykkjer røyndommen, andre erkjenner det - men gjer ikkje noko med det - og andre erkjenner det - i tillegg til at dei gjer noko aktivt for å endra verda. Då eg las denne artikkelen vart eg sjokkert over kor dårleg framtida ser ut for verda. Då tenkjer eg på mange måtar. Eg ANBEFALAR denne artikkelen sterkt! Sjølv om det kan vera ei vondt å lesa at det faktisk hastar, og at me er NØYDD til å gjera noko for å endra utviklinga.

mandag 28. september 2009

Asfalt!

Dykk trur kanskje at eg har snubla i asfalten eller noko slikt, for det kunne jo vore ganske typisk meg, men det eg vil skrive om i dag er gatemagasinet asfalt. Her ein dag var eg på Rema 1000. Der sat det ein mann som hadde magasinet asfalt i handa. Eg kjøpte eit magasin og gjekk heim. For dei som kjenner til asfalt, veit dei allereie prinsippet bak det. Prinsippet er at seljaren, som kan vera heimlaus eller misbrukar av noko, kjøper eit blad for 25 kroner, og sel det vidare for 50 kroner. Mellomlegget behald seljaren sjølve. Mottoet til dei som starta asfalt er: "give a man a fish, and you feed him for a day. Teach a man to fish and he feeds himself for life." Dette er enormt bra, og eg kjenner sjølve nokon som har brukt denne måten til å få seg eit betre liv. Eg klarer nok ikkje å setja nok fokus på kor viktig det er å støtta dei som treng det.

Ein kan kanskje tenkja at pengane ein brukar brukest til narkotiske stoffer, eller ting som er heilt unødvendige. Men eg trur ofte at dei som er nok oppegåande til å selja, ofte er klare nok til å forstå at dei bør bruka pengane på noko naudsynt. Klart det kan kanskje skje at pengane går til ting dei ikkje skal brukast til. Men eg trur at me som medmennesker bør stola på at pengane vert brukt på ein god måte. Og uansett, kjøper ein eit magasin, sit ein i alle fall igjen med godt lesestoff. Og det er ikkje dyrt med 50 kroner for eit magasin som er av ein såpass god kvalitet. Veldigt mykje bra lesestoff! Eg vil difor oppmoda alle eg kjenner til å kjøpa dette magasinet, anten om det er for å få godt lesestoff, eller om det er for å støtta medmennesker.

torsdag 17. september 2009

Jonathan Strange & herr Norell

Eg held for tida på med denne boka av Susannah Clarke. Og eg vil eigentleg berre meddela at den er veldig kjekk! Det einaste eg ikkje likar heilt er denne eine setningen som er ikkje heilt kjem over: "Videre er det slik at håret hans var rødlig, og som alle vet, kan ingen med rødt hår virkelig sies å være pen". Dette vert sagt i samanheng med ei karakterskildring. Det eg undrar på er, i kor stor grad er det lov å seie nedsetjande ting om andre i bøker? Kor går grensa? Dette er jo ikkje direkte fint å skrive om andre mennesker...

tirsdag 15. september 2009

Val!

Eg har for fyrste gong i mitt liv stemd! Og det var ein blanda følelse. Eg kjenner på mange ting, blant anna frustrasjon. Sjølv om eg har gitt min stemme, følar eg ikkje at det har så mykje å seie. Heilt ærleg, ville eg nok hatt meir makt i mine hender, slik at styret vart akkurat slik eg ville hatt det. For å få det til må eg jo verta politikar, og det er per i dag ikkje aktuelt. Kanskje eg ein dag får sjans til å gjera noko meir enn å stemma. Kanskje eg ein dag får lov til å vera med å bestemma korleis me skal ha det.

lørdag 12. september 2009

Vaskemasinen

Sidan eg allereie har begynt å fortelja om den onde vaskemaskinen, tykkjar eg at det er på sin plass at det som har skjedd i ettertid og fortener sin plass i rampelyset. Fredags ettermiddag fann Solfrid og eg ud at me skulle frigjera kleda som hadde vore 24 timar (utan oksygen) i ein vaskemaskin. Hendingsforløpet var som følgjer: Dør opna, vatn strøyma ut på gulvet, masse tørking, endå meir vatn ut på gulvet, muskelkraft opnar ein hemmeleg propp, endå meir vatn, sokk i filteret og så var alt ute.. Eg trur at grunnen til at vaskemaskinen ikkje har fungert, er at det var ein svær ekkel, gammal sokk i filteret. No vonar eg at maskinen er i orden!

torsdag 10. september 2009

Ein heilt vanleg dag i eigen leilighet

Ok, eg kan berre seie det no, for dette har ikkje vore ein vanleg dag! Heilt fram til ein time sidan var eg ganske godt fornøgd med det eg hadde utretta. Rommet er til dømes rydda OG vaska for fyrste gong sidan eg flytta (sidan eg har støvallergi var dette eit sjakktrekk). I tillegg rydda eg litt rundt forbi. Marita var og på besøk (ho kom faktisk inn denne gonga, hehe det er ganske internt).

Det som skulle endra heile dagen skjedde når eg skulle få gang på vaskemaskinen. Vaskemaskinen er til vanleg ganske merkeleg, kan bruke ein dag på ein vask med klede... I dag hadde den ein anna taktikk for å få meg i dårleg humør. Eg skulle berre setja den i gang, sidan den ofte stoppar opp midt i eit program, då den etter eit lite minutt er stappfull av vatn. Eg tenkte at det kom til og fikse seg, men jammen om eg tok feil! den byrja å hiksa og hoppa, og vatnet strøyma ut der som vaskepulveret høyrar til å vera. Så kosekvelden til Marita og meg enda opp med at eg låg på golvet og tørka vatn, medan Marita sto å lo. Great! (Det var ikkje så mykje anna å gjera.)

mandag 31. august 2009

Ineffektivitet

Dagane går, planane forgår.. Eg har sannsynlegvis ikkje hatt så mykje god tid som eg har no på lenge. Og då snakkar eg om barneskulenivå. Men eg har heller ikkje nytta tida mi så dårleg som eg gjer no. Eg får ikkje gjort ting eg har lyst å gjera, og eg får heller ikkje tid til å gjera det eg BØR gjera. Det heile handlar nok om ineffektivitet og korleis eg prioriterar. Det er noko eg skal arbeida med framover...

tirsdag 18. august 2009

Litt bilete frå ferien

Eg skal byrja å gå i rosa kjolar!

Jens

Ola


For ei jenta!
Katarina und das Kamera

Kvinesdal skilt

Kristian og Vegard


"Piraten" som gjekk i 90 km/t ! Fantastisk!

Pappa og Ann Elin

Eikeland



I løpet av ferien har eg vore mange stadar, men teke lite bilete. Noko som kjem av at eg gløymde kameraet mitt sjå nokre naboar på Eikeland i byrjinga av juni. Dermed har eg berre bilete frå tidleg sommar og Danmarksferie med familien.

(Eg treng seriøst hjelp med denne bloggen. Bileta til dømes... Kvifor havna alle bileta over teksten eg hadde skrive? Eg skreiv jo fyrst og så la til bileta... Eg forstår ingenting. Korleis legg eg til linkar? I det heile det er fleire grunnleggjande ting eg ikkje får til)

mandag 17. august 2009

Folkehøgskular, studier osv...

Akkurat no er så og seie alle som skal studera på plass der dei skal bu. Neste helg forsvinn mesteparten som skal på folkehøgskule. Etter det, er det ikkje mangen frå 90-kullet som er att på Jæren. Eg kjem til å sakna dykk alle!

torsdag 13. august 2009

Bryne

Eg kan herved meddela at eg i går, den 12.08.09, flytta til Bryne. Eller meir korrekt så er det vel Tu. I skrivande stund er eg heime (ja eg seier nok endå heime når eg snakkar om Eikeland) for å ta med meg dei småtinga eg ikkje fekk med meg i går. Tilværet på Tu er gansje annleis enn Eikeland. Eg kan faktisk sykla (!) når eg skal på besøk. Ganske annleis enn Eikeland. Ein anna ting eg har merka meg etter ein kveld i storbyen, er at det er eit heilt anna mangfald av dyr som florerer i gatene. Eg har for fyrste gong på lenge sett eit levande piggsvin - som forresten er ganske uderhaldande dyr - i tillegg til eit halvt dusin BRUNE SNIGLAR! Noko som det ikkje fantes nokon av på Eikeland. Grunnen til det er nok at dei ikkje har god nok kondis til å krypa heilt opp til Eikeland.

I morgon vil eg herved innvitera kjende til feiring av ny leilighet. Adressa er Sandmyrvegen 75 (stemmer det Solfrid?). Me stiller med litt snacks, så kan dykk ta med strålande humør!

tirsdag 4. august 2009

Då var det atter ei gong slutt på ferien

Eg har no ein god månad hatt ein bloggestopp. Eg har vert på ferie. Norway rock, Nedstrand, Danmark og Impuls har vore på lista over ting eg har brukt tida mi på. Sommaren har altså vore utruleg kjekk og travel. Vidare framover er er det ikkje like mykje forskjellig eg skal på, men det som kjem vil vera like spanande. Om ei veke kjem eg til å flytta til Bryne. Yikes! Leiligheten til Solfrid og meg, er så godt som innreia, og eg gleder meg til å finna roen der.

Ellers så er hausten ein ny etappe i livet. Vidaregåande er over, og nye mogleikar er framføre meg. Drivhuset, ny jobb og nye mennesker. Eg gleder meg! Samstundes er det ganske trist at eg ikkje kjem til å treffa igjen 3STA til hausten. Det er mange folk eg kjem til å sakna. Tenk at me faktisk er så store at nokre skal studera, og andre skal ta det berømte "friåret"...

Eg kan ikkje seie anna, enn at eg går hausten i møte med blanda kjenslar.

tirsdag 7. juli 2009

Eg ELSKAR bading!


Eg har kanskje ikkje sagt så mykje om bade-manien min. Det er faktisk ingenting som er betre når ein kjem sliten heim frå arbeid, enn å ta eit avkjølandes bad. Eller.. Den siste veka har det vel ikkje vore så avkjølandes. Heile helga har temperaturen vore mellom 25 og 26 grader celsius. Noko som har vore deilig! I lag med mine tre søsken har me køyrd (Ja du høyrde rett, me har køyrd) seks-hjuling opp og ned til vatnet, titt og ofte.


I tillegg til at temperaturen, så er me utruleg heldige her på Eikeland. Me har eit eige "hyttefolk". Hyttefolket er eit eldre ektepar som har bygd seg ei hytte i skogen rett nede ved vatnet. Her har dei laga til badeplass, med brygge, stigar og det eg likar best, ei flytebrygge. Kvart år prøvar me å vera med på å fiksa til brygga, slik at den er klar for ein ny sesong med bading. Men kvart år er dei like flittige, og gjer alt på eiga hand. (Til neste år skal eg insistera på at eg SKAL vera med å hjelpa til, for me brukar jo badeplassen så å seie kvar dag.)

Ein stor takk til hyttefolket som er med på å gjera sommaren fantastisk!





lørdag 4. juli 2009

Sol

Eg har ferie på fulltid! Fantastisk! Eg er raud, trøytt, glad og sa eg forresten at eg likar ferie? It's nice! Så denne sommaren har eg tenkt å nyta fullt ut. Har faktisk ikkje vore på dataen på ei veke no, noko som gjer at det vert få inlegg. Interessa mi for dataen er nesten like låg, som når me ikkje hadde breiband her oppe.

Det var alt for no, kanskje eg bloggar før eg reisar på festival til Kvinesdal, men eg kan ikkje lova noko.

søndag 28. juni 2009

Deutschland

Den siste veka har eg vore på KORPSTUR! Ein utruleg kjekk tur, som var ein perfekt avslutning på 10 (!) år i korpset. Sjølve bussturen tok ca 24 timar, noko som vil seie at me sov i bussen. 47 mann, kor halvparten snorka, det seier seg sjølv at det vart lite søvn. Det var difor godt å få si eiga seng som var flat.

Dagane gjekk eigentleg veldig fort. Eg har spelt tennis, bada, vore i fornøyelsespark, åte mykje mat og ikkje minst vore i saman med nokre fantastiske folk! Eg kan eigentleg ikkje beskriva kor kjekk turen var. Eg merkar og at eg kjem til å sakna folka som eg har spelt med, i tjukt og tynnt.

ES WAR EINE SCHÖNE URLAUB!

tirsdag 16. juni 2009

Begravelse

I morgon skal eg i begravelse. Noko eg gruar meg til. Dei siste dagane har eg tenkt på kor urettferdig livet kan vera, og kor brått det kan ta slutt. Me veit aldrig kva som skal skje. Me kan få ein sjukdom, og døy langsomt. Det kan og gå fort. Me kan døy i morgon for alt me veit.

Grunnen til at eg seier dette er at me må verta meir bevisste på korleis me lev. Menneska rundt oss kan vera vekke i morgon. Det er difor viktig at me brukar tid me dei me bryr oss om. Alle veit at det er viktig, men det er lett å tenkja at ein skal besøka besteforeldre, tanter og onkler ei anna gong. Men me veit aldrig om det vert ei anna gong. Difor har eg ei oppfordring til deg. Lev livet slik at du ikkje angrar! Lev slik at du kan stå for dei vala du tek, og elsk dine medmennesker!

lørdag 13. juni 2009

Helg og FERIE!

Ok, eg har faktisk hatt ferie sidan tirsdag. Men det har ennå ikkje gått heilt opp for meg... Det er merkeleg på mange måtar. Eg følar at eg ikkje har tid til noko, men eg har jo eigentleg ikkje hatt det så avslappa på mange år. Problemet mitt, er at eg søv alt for mykje. Eg klarar rett og slett ikkje å stå opp. I dag stod eg opp klokka halv ett, i går klokka 12. Det er merkeleg, for eg vil verkeleg nytta tida til noko lurt. Alle bøkene eg har tenkt å lesa ligg i bokhylla å støvar ned. I morgon skal eg byrja å lesa... (Viss nokon lurde)



Helga skal brukast til jobb og g1-avslutning. Jobben er så som så, men avslutninga er noko eg gleder meg til. Avsutning med nokon fantastiske folk, som er utruleg frimodige, og ikkje minst kloke. Dette kjem til å verta ei god helg!




Biletet er teke for eit år sidan. Det minnar meg om den fine tida som kjem til å komme. Sjølv om ting kan vera vanskeleg for augenblinken.

tirsdag 9. juni 2009

Er du dum?

Dette har eg høyrt mange gonger i det siste. Grunnen er at eg har fortald at eg ikkje kjem til å reisa i garden, men derimot har eg vald å gå i drivhuset i bedehuskyrkja - på BRYNE. Reaksjonane har vore mange, og du tenkjer kanskje sjølv at eg er dum. Men sjølv meiner eg at dette valet er rett; og nei, eg er ikkje dum.

Garden er noko eg hadde gleda meg til lenge. Eg hadde kome inn, noko som eg synest var stas. Me skulle reise til Australia, eg skulle kome i god form, eg fekk spela det instrumenet eg likar best, og ikkje minst så fekk eg betalt for noko som eg ville. Det var altså mange verkeleg gode grunnar for å reisa i garden. Men det er eit "men" der. Eg er kristen, noko som gjorde at eg var litt skeptisk.

Akkurat no er eg veldig klar for å verta meir kjend med Gud, noko som ikkje er lett når det er harde oppgåver og konstant press. (Noko det ville vert i garden) Den fritida ein har, vil ein bruka til å sova, sidan dagane er harde. Garden er nok ikkje plassen for meg akkuratt no... Grunnen er at eg ville stagnert på det åndelege planet. Det er noko eg ikkje vil. Dersom eg får eit år i drivhuset vil eg nok læra masse om meg sjølv og mitt forhold til Gud. Noko eg kan bruke resten av livet. Eg vil nok få lærdom i garden, men ikkje i nærleiken av det eg vil få i drivhuset. Og lærdommen vil vera forskjellig. I garden vert ein sterk fysik, i tillegg til å kjenna sine eigne grenser. I drivhuset vil eg utvikla meg på mange plan. Eg må nødvendigvis trena, sidan det er noko eg likar. I tillegg skal eg arbeida dei dagane det ikkje er undervisning. Eg har tenkt å arbeida ein plass med mennesker som treng hjelp. For å verkeleg kunne gjera ein forskjell. Det er forskjelleg mellom garden og drivhuset. Mogleika til å gjera ein forskjell for menneske som eg er glad i.

Planen til hausten er å flytta i leiligheit på Bryne (gje beskjed dersom du veit om ledige leiligheitar som er ledige og til ein rimeleg pris.) i lag med Solfrid. På den måten må tvingest eg til å ta hensyn til eit anna menneske. Begge må arbeide for å få råd til å bu der me skal bu, noko som gjev oss smaken av korleis det verkelege liv er. Dette er ein erfaring er ikkje ville fått i garden.

Oppsamla veg argumenta for drivhuset sterkast. Eg vil verta ein bevisst disippel og etterfølgjar av Jesus, eg skal difor i drivhuset. Eg håpar at dei som ikkje forstår valet mitt i alle fall at mitt val vert respektert. Og eg håpar at eg ikkje vert spurd om eg er dum ei gong til. For eg ønskjer at folk rundt meg skal respektera valga mine.

For spesielt interesserte:
(Det er og positivt at eg skal på ein bibelskule som er heime på heimstaden min. Eg får sjangsen til å læra her eg bur, og ikkje læra mykje, men ikkje praktisera det. Opplegget i drivhuset er nettopp slik. Ein skal arbeide for å ikkje ekskludera seg frå samfunnet, i tillgg til at me praktiserar det me lærar heime - her me skal bu. For meg fungerar dette veldig bra. Dersom eg hadde reist vekk, ville eg nok hatt eit fantastisk år. Men det som hadde skjedd etterpå, hadde nok vore at eg såg tilbake på eit flott år. Problemet hadde vore at eg ikkje hadde praktisert det eg lærde når eg kom heim.)

Eksamen

Eg har hatt eksamen. Det gjekk ikkje godt.

søndag 7. juni 2009

Barnevakt og eksamen høyrar ikkje i lag!

Som du sikkert forstod, har eg vore barnevakt. Når eg sit barnevakt er det stormande jubel i huset. I går var fryden ungane vanlegvis har blanda med for lite søvn. Det i lag med eksamenslesning er ikkje ein god samanheng.

Ungane var som vanleg ganske hypre, eg tenkte at dei skulle få springa slik dei ville og frivilleg gå i seng når den tid kom, sidan dei då -i teorien - skulle vera trøytte. Når det kom til yngstemann fekk eg meg eit sjokk! Han hadde visst nok fått sansen for å springa rundt slik me er skapte; splitters naken. Great! Heilt ærleg likar eg ikkje nakne ungar. Spesielt ikkje når dei spring rundt i sengene og boltrar seg i dynene. Når eg prøvde å få på ei lita truse, var ikkje det særs populært. Grining og nakne ungar, eg fekk panikk! Eg håpar at det vert lettare å få han i seng neste gong. (Dersom eg torar å utsetja augene mine for noko slikt igjen.) Resten av kvelden gjekk med til ineffektive foredragsskriving.

Som dykk ser, så er det jammen meg gang på Eikeland og!

lørdag 6. juni 2009

Sommar und sol!



I går kveld når eg kom heim, var det ein uvanleg himmel. Nederst under alle dei mørke skyene var alle fargane i regnbogen. Når eg ser noko som er så vakkert vert eg imponert over skaparverket. Kameraet måtte difor fram, og eg tok ein liten tur for å ta nokre bilete. Bileta vart ikkje heilt bra sidan kameraet mitt lev sitt eige liv, men det gjev i alle fall ein smakebit av korleis det såg ut.

Nederst er det bilete av den same utsikten, berre med SOL :)

fredag 5. juni 2009

Eksamenslesing

Dagen i dag har vore fantastisk! Dagen eg fekk eksamensoppgåve i religion har eg brukt til ting eg ikkje burde ha brukt tida mi på. Til dømes har eg oppretta ein blogg. Noko som i seg sjølv er ein sensasjon for Eikelendingar. ( I og med at teknologi ikkje er det me kan best. )

Akkurat no sit eg og Katarina på Lye og øvar til eksamen i lag. Ein kan kanskje lura på kva det vil seie. I ein vanleg verden ville det nok vore nettopp det. Eksamensøving. Men i vår verden tydar det lasagne, is, ekstreme latterutbrudd og ein smule lesing til eksamen. Me får håpa at dei neste dagane vert meir effektive enn i dag, for heilt ærleg, så har eg ikkje gjort så utruleg mykje.

Mitt første blogginnlegg

Katarina tykkjar at det er ekkelt med fuglar utan hår!