søndag 28. juni 2009

Deutschland

Den siste veka har eg vore på KORPSTUR! Ein utruleg kjekk tur, som var ein perfekt avslutning på 10 (!) år i korpset. Sjølve bussturen tok ca 24 timar, noko som vil seie at me sov i bussen. 47 mann, kor halvparten snorka, det seier seg sjølv at det vart lite søvn. Det var difor godt å få si eiga seng som var flat.

Dagane gjekk eigentleg veldig fort. Eg har spelt tennis, bada, vore i fornøyelsespark, åte mykje mat og ikkje minst vore i saman med nokre fantastiske folk! Eg kan eigentleg ikkje beskriva kor kjekk turen var. Eg merkar og at eg kjem til å sakna folka som eg har spelt med, i tjukt og tynnt.

ES WAR EINE SCHÖNE URLAUB!

tirsdag 16. juni 2009

Begravelse

I morgon skal eg i begravelse. Noko eg gruar meg til. Dei siste dagane har eg tenkt på kor urettferdig livet kan vera, og kor brått det kan ta slutt. Me veit aldrig kva som skal skje. Me kan få ein sjukdom, og døy langsomt. Det kan og gå fort. Me kan døy i morgon for alt me veit.

Grunnen til at eg seier dette er at me må verta meir bevisste på korleis me lev. Menneska rundt oss kan vera vekke i morgon. Det er difor viktig at me brukar tid me dei me bryr oss om. Alle veit at det er viktig, men det er lett å tenkja at ein skal besøka besteforeldre, tanter og onkler ei anna gong. Men me veit aldrig om det vert ei anna gong. Difor har eg ei oppfordring til deg. Lev livet slik at du ikkje angrar! Lev slik at du kan stå for dei vala du tek, og elsk dine medmennesker!

lørdag 13. juni 2009

Helg og FERIE!

Ok, eg har faktisk hatt ferie sidan tirsdag. Men det har ennå ikkje gått heilt opp for meg... Det er merkeleg på mange måtar. Eg følar at eg ikkje har tid til noko, men eg har jo eigentleg ikkje hatt det så avslappa på mange år. Problemet mitt, er at eg søv alt for mykje. Eg klarar rett og slett ikkje å stå opp. I dag stod eg opp klokka halv ett, i går klokka 12. Det er merkeleg, for eg vil verkeleg nytta tida til noko lurt. Alle bøkene eg har tenkt å lesa ligg i bokhylla å støvar ned. I morgon skal eg byrja å lesa... (Viss nokon lurde)



Helga skal brukast til jobb og g1-avslutning. Jobben er så som så, men avslutninga er noko eg gleder meg til. Avsutning med nokon fantastiske folk, som er utruleg frimodige, og ikkje minst kloke. Dette kjem til å verta ei god helg!




Biletet er teke for eit år sidan. Det minnar meg om den fine tida som kjem til å komme. Sjølv om ting kan vera vanskeleg for augenblinken.

tirsdag 9. juni 2009

Er du dum?

Dette har eg høyrt mange gonger i det siste. Grunnen er at eg har fortald at eg ikkje kjem til å reisa i garden, men derimot har eg vald å gå i drivhuset i bedehuskyrkja - på BRYNE. Reaksjonane har vore mange, og du tenkjer kanskje sjølv at eg er dum. Men sjølv meiner eg at dette valet er rett; og nei, eg er ikkje dum.

Garden er noko eg hadde gleda meg til lenge. Eg hadde kome inn, noko som eg synest var stas. Me skulle reise til Australia, eg skulle kome i god form, eg fekk spela det instrumenet eg likar best, og ikkje minst så fekk eg betalt for noko som eg ville. Det var altså mange verkeleg gode grunnar for å reisa i garden. Men det er eit "men" der. Eg er kristen, noko som gjorde at eg var litt skeptisk.

Akkurat no er eg veldig klar for å verta meir kjend med Gud, noko som ikkje er lett når det er harde oppgåver og konstant press. (Noko det ville vert i garden) Den fritida ein har, vil ein bruka til å sova, sidan dagane er harde. Garden er nok ikkje plassen for meg akkuratt no... Grunnen er at eg ville stagnert på det åndelege planet. Det er noko eg ikkje vil. Dersom eg får eit år i drivhuset vil eg nok læra masse om meg sjølv og mitt forhold til Gud. Noko eg kan bruke resten av livet. Eg vil nok få lærdom i garden, men ikkje i nærleiken av det eg vil få i drivhuset. Og lærdommen vil vera forskjellig. I garden vert ein sterk fysik, i tillegg til å kjenna sine eigne grenser. I drivhuset vil eg utvikla meg på mange plan. Eg må nødvendigvis trena, sidan det er noko eg likar. I tillegg skal eg arbeida dei dagane det ikkje er undervisning. Eg har tenkt å arbeida ein plass med mennesker som treng hjelp. For å verkeleg kunne gjera ein forskjell. Det er forskjelleg mellom garden og drivhuset. Mogleika til å gjera ein forskjell for menneske som eg er glad i.

Planen til hausten er å flytta i leiligheit på Bryne (gje beskjed dersom du veit om ledige leiligheitar som er ledige og til ein rimeleg pris.) i lag med Solfrid. På den måten må tvingest eg til å ta hensyn til eit anna menneske. Begge må arbeide for å få råd til å bu der me skal bu, noko som gjev oss smaken av korleis det verkelege liv er. Dette er ein erfaring er ikkje ville fått i garden.

Oppsamla veg argumenta for drivhuset sterkast. Eg vil verta ein bevisst disippel og etterfølgjar av Jesus, eg skal difor i drivhuset. Eg håpar at dei som ikkje forstår valet mitt i alle fall at mitt val vert respektert. Og eg håpar at eg ikkje vert spurd om eg er dum ei gong til. For eg ønskjer at folk rundt meg skal respektera valga mine.

For spesielt interesserte:
(Det er og positivt at eg skal på ein bibelskule som er heime på heimstaden min. Eg får sjangsen til å læra her eg bur, og ikkje læra mykje, men ikkje praktisera det. Opplegget i drivhuset er nettopp slik. Ein skal arbeide for å ikkje ekskludera seg frå samfunnet, i tillgg til at me praktiserar det me lærar heime - her me skal bu. For meg fungerar dette veldig bra. Dersom eg hadde reist vekk, ville eg nok hatt eit fantastisk år. Men det som hadde skjedd etterpå, hadde nok vore at eg såg tilbake på eit flott år. Problemet hadde vore at eg ikkje hadde praktisert det eg lærde når eg kom heim.)

Eksamen

Eg har hatt eksamen. Det gjekk ikkje godt.

søndag 7. juni 2009

Barnevakt og eksamen høyrar ikkje i lag!

Som du sikkert forstod, har eg vore barnevakt. Når eg sit barnevakt er det stormande jubel i huset. I går var fryden ungane vanlegvis har blanda med for lite søvn. Det i lag med eksamenslesning er ikkje ein god samanheng.

Ungane var som vanleg ganske hypre, eg tenkte at dei skulle få springa slik dei ville og frivilleg gå i seng når den tid kom, sidan dei då -i teorien - skulle vera trøytte. Når det kom til yngstemann fekk eg meg eit sjokk! Han hadde visst nok fått sansen for å springa rundt slik me er skapte; splitters naken. Great! Heilt ærleg likar eg ikkje nakne ungar. Spesielt ikkje når dei spring rundt i sengene og boltrar seg i dynene. Når eg prøvde å få på ei lita truse, var ikkje det særs populært. Grining og nakne ungar, eg fekk panikk! Eg håpar at det vert lettare å få han i seng neste gong. (Dersom eg torar å utsetja augene mine for noko slikt igjen.) Resten av kvelden gjekk med til ineffektive foredragsskriving.

Som dykk ser, så er det jammen meg gang på Eikeland og!

lørdag 6. juni 2009

Sommar und sol!



I går kveld når eg kom heim, var det ein uvanleg himmel. Nederst under alle dei mørke skyene var alle fargane i regnbogen. Når eg ser noko som er så vakkert vert eg imponert over skaparverket. Kameraet måtte difor fram, og eg tok ein liten tur for å ta nokre bilete. Bileta vart ikkje heilt bra sidan kameraet mitt lev sitt eige liv, men det gjev i alle fall ein smakebit av korleis det såg ut.

Nederst er det bilete av den same utsikten, berre med SOL :)

fredag 5. juni 2009

Eksamenslesing

Dagen i dag har vore fantastisk! Dagen eg fekk eksamensoppgåve i religion har eg brukt til ting eg ikkje burde ha brukt tida mi på. Til dømes har eg oppretta ein blogg. Noko som i seg sjølv er ein sensasjon for Eikelendingar. ( I og med at teknologi ikkje er det me kan best. )

Akkurat no sit eg og Katarina på Lye og øvar til eksamen i lag. Ein kan kanskje lura på kva det vil seie. I ein vanleg verden ville det nok vore nettopp det. Eksamensøving. Men i vår verden tydar det lasagne, is, ekstreme latterutbrudd og ein smule lesing til eksamen. Me får håpa at dei neste dagane vert meir effektive enn i dag, for heilt ærleg, så har eg ikkje gjort så utruleg mykje.

Mitt første blogginnlegg

Katarina tykkjar at det er ekkelt med fuglar utan hår!