tirsdag 12. april 2011

It feels good, badebadebadebam!

Eg likar - som nemnt for lenge sidan - veldig, altså VELDIG godt asfalt! Bakpå kvart magasin plar det som regel å vera eit ordtak eller oppmuntringar. Her er nokre av favorittane mine:

"I'ts nice to be important, but it's more important to be nice"

"Great things are done by a series of small things brought together"
Denne likar eg eigentleg spesielt godt, det er nok pga at ein ofte trur at store ting berre skjer av seg sjølve, men som regel er det mange små ting som gjer at ein lykkest. Det er sjeldan at store ting skjer heilt tilfeldig, det er ofte hardt arbeid bak. F.eks å ha suksess innanfor skule. Mange timar bak bok og forelesning gjer at ein etter tre år er klar til å byrja i jobb. Det er mange enkeltting som har gjort at ein kan stå der etter tre år og smila, fordi ein nå er ferdig på skule. Ellers er det på akkurat same måte med gode venner. Det har teke mange små skritt på vegen før ein er nære.

"The most memorable people in life are the people who loved you when you weren't lovable"
Det er ikkje alltid ein fortener at folk rundt ein er glad i ein. Det kan i allefall kjennast slikt iblandt. Det er i dei situasjonane ein merkar kven som eigentleg er der.

Livet er fint for tida, og ellers er det lite å melda her på bloggen. Stikk heller innom på besøk i palasset mitt på Bryne!


Over og ut!