tirsdag 7. desember 2010

Hurra!

Dei siste månadane har eg verden vore ganske dyster i mine auge. Mykje informasjon i forhold til jordas status har bekymra meg. Klimagassar som vert sleppte ut, miljøgifter og diverse ting har gjort at synet mitt på korleis naturen og verden kjem til å sjå ut om 50 år, er heller dystert og mørkt. Det gjer det ikkje akkurat betre at dei store syndarane som USA og Kina har stillt seg utanfor diverse klimaavtalar.

Klimaforhandlingane i København var ein tragdie. La meg få påpeika at det var så mange privatfly som skulle til København, at det var ikkje plass til alle på flyplassen. Ein del måtte til Amsterdam og parkera der. Ironi kor?

For tida er det nye forhandlingar i Cancùn. Her visar Kina til positive tendensar. Men det er jo alltid eit men. Dei vil ikkje gå inn i ein avtale før USA er med. Så me får sjå kven som gjev seg først. Det er akkurat som ein gjeng småungar som kranglar om kven som skal gje seg først. Eg ventar i spenning.

Link her.

Eg trur no at det er håp!

tirsdag 30. november 2010

Keiko og eksamen!

Eg har nett hatt eksamen. Eg kan med handa på hjarta seie at det var det kjekkaste i heile mitt liv (20 år vel og merka)! Har hatt eksamen i kjemi og MILJØ! Og eg har blitt nørd, Les: Nøøøøøøøørd!

Sidan sist har eg byrja på ein veg som går mot å redda verda frå global oppvarming og miljøgifter. Det er jammen meg spanande. Til no har eg prestert å kverka volvo'n. Det kan vel seiast utan spor av overdriving at volvo'n stod for eit betydeleg bidrag av CO2- og NOxutslepp i Noreg i dag. Det einaste som gjennstår no, er at resten av Noreg gjer det same og nyttar kollektivtrafikk.

Ellers har eg gått inn for å finna funfacts om Keiko, de veit.. den der spekkhoggaren som var med i Free Willy.



Visste de at:
* Keiko vart sett fri frå fangenskap, og levde resten av livet sitt i det fri
* Keiko kom til Noreg
* Keiko døydde av lungebetennelse 12. desember 2003 i Taknesbukta i Halsa, der han hadde budd dei siste åra.
* Keiko var full av miljøgifta PCB (Polyklorertebifenyler, eller noko slikt)
* Det var truleg PCB som øydela immunforsvaret hans, slik at han døydde.
* "Skroget" til Keiko burde blitt behandla som miljøfarleg avfall pga PCB.
* Det vart ikkje gjort
* Keiko vart gravlagt ved sida av eit vatn (kor han til slutt rotnar, og gift siv ut i vatnet som folk badar i ved sida av. Great!

Takkar og bukkar for denne gong!

fredag 29. oktober 2010

Liste over fine ting

Eg har det fantastisk for tida! Ting som gjer livet fint er:

* Høstsol
* Regn på ruta
* Blomar
* Søsken
* Jordbær
* Venner
* Høsten
* Fargerike trær
* Oboy
* Papirfuglar
* Bibelen
* Squash
* Natur
* Frihet
* Herlege besteforeldre
* Foreldre
* Musikk
* Stearinlys
* Laks!

For tida skriv eg ei liste over 100 ting som gjer livet finare. Trur det er noko alle kan ha godt av. Det er jo ikkje slik at ein kjem på 100 ting på rappen, men skriv på ting etterkvart du kjem på det. Så har du ei liste der ein sjølv kan sjå alle fine ting som skjer i akkurat ditt liv.

fredag 4. juni 2010

Streik

Streik er visst det nye "hippe". Folk rundt om kring i vårt rike land, spring rundt i gatene og hyler ut slagord for meir lønn. Me vert aldri nøgde. Dersom er ikkje hugsar feil, var det ikkje meir enn eit halvt år sidan me alle stod i fare for å missa arbeidsplassen vår. No er det sommar, og alt som skjedde i fjor er gløymt.

Personleg tykkjar eg at me må skjerpa oss her oppe i nord. I resten av Europa er det aukande arbeidsløyse, dei siste tala eg fann var til dømes 18,5 % i Spania. I Noreg har me 3,2 % (tal frå feb. 2010 link her) Me burde skjemmast som står å ropar etter meir når resten av Europa såvidt har ein jobb å gå til. Eg er flau over å vera nordmann!

mandag 10. mai 2010

Himmelen

Søskenbarnet mitt på 5 første gong ho var på flytur: "kor e alle di døe henne?" (Ho har jo høyrt at dei døde kjem til himmelen).

søndag 4. april 2010

.

Mamma har rydda i kjøkkenskapa. I går skulle eg ta ut eit glas, og der stod eg plutseleg med sukkerboksen i handa.

onsdag 3. februar 2010

Papirfuglar



Dette innlegget har ingenting å gjera med papirfuglar. Tvert i mot. Er det nokre andre som tykkjar at tida går for fort? Eg har nok sagt det før, men eg må nemna det igjen. Den siste tida har vore travel. Ikkje vanleg travel, men travel fordi me skal noko. I morgon reiser gbb til Bergen.

I Bergen skal me delta i NM for brass band. Eg gler meg, samstundes som det vert utfordrande. Eg trur at eg kan vera med på å gjera ein forskjell, vera tydeleg på saker og ting. Eg vil vera ein kristen som som er det fullt ut, og ikkje berre på gudstenester.

Ellers gler eg meg til å treffa Elin som er på fhs i Bergen.

tirsdag 5. januar 2010

Nytt år!

Det er no 2010. Eg er snart 20 år. Eg hugsar godt den gong då eg va lita jente og såg på ein bankting. Der stod det at eg kunne ha ansvar den dagen eg vart 18. Datoen var 13.10.2008. Tida har gått fort, for den dagen er det allereie eitt år og åttifem dagar sidan. Det er 450 dagar, 10800 timar, 648 000 minutt og 38 880 000 sekund sidan. Grunnen til at eg rekna det ut for dykk var eigentleg bare fordi eg ikkje har så mykje anna å gjer på akkurat no...

2010 har så langt vore eit ok år. Eg har blant anna vore på kino og sett Avatar. Ein film full av fantastiske skapningar. ENORMT facinerande!

Og her ein dag var eg hjå ei venninne. Me var ute og ridde. På denne fantastisk flotte skapningen:

For dei som har peiling er dette ein shetlandsponni. Den er ikkje stor, den er heller liten, feit og lat. Dette prakteksemplaret er ikkje eit unntak. Den er heller lat som få. Den einaste motivasjonen der har når ein er på ridetur er rett og slett å få ryttaren av ryggen. Slik at han kan springa kjappast mogleg heim til stallen og maten. Sundag var ikkje eit untak. Denne gongen vart eg berre kasta av ei gong! Det er faktisk ny rekord! Det eg hugsar var at den utspekulerte rakkaren tok ut i nedoverbakken, og eg mista kontrollen. Før eg visste ordet av det så låg eg med hovudet først i den KALDE snøen. Å fy! Det var kaldt. Hesten var godt nøgd og sprang så fort den klarte heimover. ved sida av meg sat Elin og lo. Eller, det kan ikkje kallast leing, det må heller vera ei form for alvorleg pustevanskar. Ho lo så mykje at ho haldt på å detta av hesten ho ridde. Ikkje nok med det, eg hadde visst fått meg ein tilsjåar. Ein skigåar som hadde hakeslep. Han kan i alle fall aldri sett nokon fyka av ein hest før!

Sjølv om eg ofte ligg i bakken, er det alltid like kjekt å ri igjen. Denne gongen var ingen unntak.