torsdag 10. desember 2009

Det har skjedd igjen!

(Dette innlegget skulle ha vore posta den 9. desember 2009. Men grunna latskap vart det ikkje før i dag.)

For snart 17 gong har eg prøvd iherdig å lukke opp ei luke kvar dag i adventskalendaren, forgjeves.

Dei gongene det har gått dårlegast, er når eg har fått adventskalendaren til Undheim & Eikeland skulekorps i handa. Ein heilt vanleg kalendar med 24 ruter. I midten ruvar eit gigantisk bilete av korpset i UNIFORM! Ansikta til korpsingane er lokka til å smila av ein eller annan tullig som står bak kameraet og lagar grimasar. Heilt ærleg veit eg av erfaring at ein heller har lyst til å trekkja den raude uniformslua så langt ned over øyra, at ansiktet ikkje synar. På den måten har ein i alle fall mogleika til å vera anonym korpsing. Ein treng ikkje å vera synleg nørd... På grunn av at eg veit alt dette riv eg opp kalenderen på max 3 sekunder, finn ut om eg har vunne fenalår, viss ikkje går kaledaren rett i bås. For å sleppa å sjå meir på pininga. Dette plar som regel å skje når me får kalendaren på døra. Alltid før 1. desember. (Eg trur nok at mor mi har hatt ganske mykje og seie og, i og med at ho alltid har opna den før meg. Eg har altså vore uthaldane i forhold til hennar standard, eg har følt at eg har vore ei flink og tolmodig jente.)

Så kjem det til kalendaren er likar best. SJOKOLADEkalendaren. Klassikaren. Her er det ein sjokolade for kvar dag. Ikkje naudvendigvis ein god sjokolade. Men tross alt, det er sjokolade. Det betyr at eg ALDRIG har klard å halda meg meir enn ca 4 dagar før heile kalendaren er plyndra. Då eg var lita skjedde dette med at eg opna ei luke, tok ut sjokoladen, og passa på å lukka luka forsiktig igjen slik at ingen skulle merka at eg hadde juksa. Dette gjorde eg med båe min, bror min og systera mi sine kalendarar. Det betydde at eg som regel fekk tre sjokoladar kvar dag. Og når eg hadde lyst på meir tok eg berre ein random dato og knabba sjokoladen.

Når eg no har vorte vaksen var det slutt på sjokoladen. Heilt til eg fekk ein kalendar av mamma. Eg har klart å halda meg heilt fram til i dag. *stjerne i boka* Men no er det slutt. Her er eit vakkert syn av kalendaren min:

4 kommentarer:

  1. Say what?! Var det difor det aldri var meir sjokolade att? o.O
    :P

    SvarSlett
  2. Ooooops, busted :s

    eg kom kje på at du lese bloggen min.. :p men vel.. det e vel forklaringå.. ;)

    SvarSlett