tirsdag 7. juli 2009

Eg ELSKAR bading!


Eg har kanskje ikkje sagt så mykje om bade-manien min. Det er faktisk ingenting som er betre når ein kjem sliten heim frå arbeid, enn å ta eit avkjølandes bad. Eller.. Den siste veka har det vel ikkje vore så avkjølandes. Heile helga har temperaturen vore mellom 25 og 26 grader celsius. Noko som har vore deilig! I lag med mine tre søsken har me køyrd (Ja du høyrde rett, me har køyrd) seks-hjuling opp og ned til vatnet, titt og ofte.


I tillegg til at temperaturen, så er me utruleg heldige her på Eikeland. Me har eit eige "hyttefolk". Hyttefolket er eit eldre ektepar som har bygd seg ei hytte i skogen rett nede ved vatnet. Her har dei laga til badeplass, med brygge, stigar og det eg likar best, ei flytebrygge. Kvart år prøvar me å vera med på å fiksa til brygga, slik at den er klar for ein ny sesong med bading. Men kvart år er dei like flittige, og gjer alt på eiga hand. (Til neste år skal eg insistera på at eg SKAL vera med å hjelpa til, for me brukar jo badeplassen så å seie kvar dag.)

Ein stor takk til hyttefolket som er med på å gjera sommaren fantastisk!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar