lørdag 17. oktober 2009

Blåe hender!

I dag vakna eg opp med to stykk blå hender. Eg trudde at eg var døden nær! Når eg står opp om morgonen er som regel kroppen vaken, leeenge før hjernen byrjar å fungera. Så eg sprang rundt i leiligheita og var litt panisk. Ok, me stopper opp litt der... For fyrst må eg forklara kvifor eg var så redd. For ei blå hand i seg sjølve er jo ikkje så rart, (?!) men i samanheng med det eg var ute for på tirsdag, så kunne dette vera eit veldig dårleg teikn.

På tirsdag, den 13.10.2009 var eg heime for å feira at eg blei eitt år gamlare. Etter ein god og mektig komlemiddag gjekk Ann Elin, Kristian og eg ein tur. Me hadde med oss Toya, hunden vår, som gjekk laus. Til vanleg er denne hunden ganske lydig, men når den får auge på sauer/lam forsvinn alt ho eig av fornuft. På turen var det nokre lam som gjekk og beita. Toya såg dei, ogein laaang tur rundt-om-kring starta. Lamma var på slutten så redde at dei ikkje hadde anna val enn å ta seg ein symjetur. For dei som ikkje er bønder, så er ikkje sauer veldig flinke til å symja. Eg og bror min konkluderte med at det var lurast å symja etter det to lamma som allereie hadde lagt på veg over vatnet. (La meg få lov til å leggja til at det var frost den dagen. Så temperaturen kan ikkje vore spesielt høg.) Det heile enda opp med at eg stod i undertøyet, klar til å hoppa ut i det iskalde vatnet. Eg nølte eit lite sekund, men eg enda opp med å hoppa i det! Ord kan ikkje skildra kor kaldt det var. Det var rett og slett galskap!

Sterkt oppsatt på å redda lamma la eg på svøm over til den andre sida, kor lamma var. Eg fekk til slutt tak i det eine, og fekk det med meg inn til land. Hunden Toya på si side var nøgd med at ho hadde fått endå eit lam ut i vatnet. Til slutt fekk bror min tak i hunden. Då var det eine problemet fjerna, men det var endå to lam som symde rundt i vatnet. Eg, på mi side var så kald, at hjernen ikkje fungerte lenger, så eg kom rett og slett ikkje på at eg burde ta på meg klede. Sjølv om det var ganske kaldt i lufta. Ann Elin sprang rundt og snakka med mamma og pappa, for å få dei ned med sekshjularen. Tida gjekk, og det einaste eg kunne tenkja på, var at eg måtte fortsetja å halda lammet, slik at det ikkje sprang ut igjen. Eg såg jo at eg såg ganske raud ut, men eg kom ikkje på at det var gale.

Ein halv time seinare var eg heime. Dysjen var grusom, for eg var så kald at det gjorde vondt. På grunn av hyperventilering og kraftig hakking av tenner klarde eg ikkje å snakka. Det tok for mykje energi. Mamma og bestemor handla kjapt og ringde legevakta. Dei henviste til 113. Det var då eg innsåg at det var litt alvorleg. All viljestyrke eg hadde vart brukt til å lata som om alt var fint. Etter endå 15 minutter hadde eg forflytta meg frå ein haug med dyner og tepper, ned til omnen. Der var det fint. Eg måtte sjekka kor varm eg var, og temperaturen var 35,2 grader celcius. For å seie det slik, det var ikkje behageleg. Sidan grensa for å varta henta av sjukebilen var 35 grader celcius, slapp eg unna for denne gong. Og eg vart gradvis betre og betre.

Det var ei heftig burdsagsfeiring!

Og forresten, grunnen til at eg var blå på hendene hadde samanheng med at eg skifta sengesett i går kveld. Det var blått. Det farga av.

3 kommentarer:

  1. Åhhh Weronica xD
    Det var ein veldig uintelligent ting å gjer!!!!!!! Har du hørt ordtaket: "For det om ein sau hoppe på sjøen, så trenge ikkje du hoppa på sjøen". Men det va jo tross alt to saue, så det får ver unskyldningen.....

    Men koss i alle dage greide du å få de på land?? Jagte du de mens du svømte itte de??? Eller bar du de??

    SvarSlett
  2. Haha, nei det ordtaket har eg ikkje hørt.. :p men eg trur ikkje at det hadde hindra meg ^^

    Den eine kom svømmande mot meg, så den fekk eg tak i og drog med meg inn til land. Dei andre to klarde å symja inn til land sjølv. Flaks! Det hadde kje skjedd at eg frivilligt hoppte ud ette dei andre to, for eg va kanonkaald :p

    W

    SvarSlett
  3. WERONICA!!! Du e jo galen!!! Men det var jo for så vidt en bra ting, det du gjorde, men allikavell.Ikkje det smartaste du he gjort i livet antar eg xD

    Det va bra du ikkje fekk varige men... =D

    SvarSlett