tirsdag 6. oktober 2009

Klimakrise kor?

Eg vonar at dei fleste har forstått at klimaet me har til vanleg, har samanheng til forureining. Det er forskjellig i kva grad me har erkjent dette. Nokre nektar for at det er samanheng (det finst og forskarar som nektar for det), andre undertrykkjer røyndommen, andre erkjenner det - men gjer ikkje noko med det - og andre erkjenner det - i tillegg til at dei gjer noko aktivt for å endra verda. Då eg las denne artikkelen vart eg sjokkert over kor dårleg framtida ser ut for verda. Då tenkjer eg på mange måtar. Eg ANBEFALAR denne artikkelen sterkt! Sjølv om det kan vera ei vondt å lesa at det faktisk hastar, og at me er NØYDD til å gjera noko for å endra utviklinga.

1 kommentar:

  1. Du har heilt rett i det du skriv... Artikkelen har heilt rett - noko må gjerast og det fort. Heile verda er nøydd til å gå i saman om dette problemet; det er noko som angår alle verds nasjonane. Eit høgst aktuelt problem; og me treng fleire som deg...

    Det gjenstår berre å få folk til å forstå at dette er eit vedvarande problem som må fiksast for at jordkloda i heile skal ha ei lovande framtid...

    Eg likar at du bloggar om aktuelle problem, og kven veit kanskje bloggen din er med på å få folk til å forstå...

    Hald fram med det, Weronica. Elles så håper eg at alt er bra og vonar deg alt godt...:)

    SvarSlett