torsdag 13. august 2009

Bryne

Eg kan herved meddela at eg i går, den 12.08.09, flytta til Bryne. Eller meir korrekt så er det vel Tu. I skrivande stund er eg heime (ja eg seier nok endå heime når eg snakkar om Eikeland) for å ta med meg dei småtinga eg ikkje fekk med meg i går. Tilværet på Tu er gansje annleis enn Eikeland. Eg kan faktisk sykla (!) når eg skal på besøk. Ganske annleis enn Eikeland. Ein anna ting eg har merka meg etter ein kveld i storbyen, er at det er eit heilt anna mangfald av dyr som florerer i gatene. Eg har for fyrste gong på lenge sett eit levande piggsvin - som forresten er ganske uderhaldande dyr - i tillegg til eit halvt dusin BRUNE SNIGLAR! Noko som det ikkje fantes nokon av på Eikeland. Grunnen til det er nok at dei ikkje har god nok kondis til å krypa heilt opp til Eikeland.

I morgon vil eg herved innvitera kjende til feiring av ny leilighet. Adressa er Sandmyrvegen 75 (stemmer det Solfrid?). Me stiller med litt snacks, så kan dykk ta med strålande humør!

2 kommentarer:

  1. hahahah eg måtte lola litt av sneglekommentaren
    That's a winnah!!!!
    Men eg må nok sei at hypotesen ikkje holde mål i og med at snegler ikkje krype (då måtte de hatt bein), de bevege seg med å skille ut slim. Så grunnen er i så fall at de ikkje har nok slim til å bevega seg, og ikkje noge med kondisen.
    så nå vett du det

    SvarSlett
  2. Hilsen Elin******

    SvarSlett