søndag 7. juni 2009

Barnevakt og eksamen høyrar ikkje i lag!

Som du sikkert forstod, har eg vore barnevakt. Når eg sit barnevakt er det stormande jubel i huset. I går var fryden ungane vanlegvis har blanda med for lite søvn. Det i lag med eksamenslesning er ikkje ein god samanheng.

Ungane var som vanleg ganske hypre, eg tenkte at dei skulle få springa slik dei ville og frivilleg gå i seng når den tid kom, sidan dei då -i teorien - skulle vera trøytte. Når det kom til yngstemann fekk eg meg eit sjokk! Han hadde visst nok fått sansen for å springa rundt slik me er skapte; splitters naken. Great! Heilt ærleg likar eg ikkje nakne ungar. Spesielt ikkje når dei spring rundt i sengene og boltrar seg i dynene. Når eg prøvde å få på ei lita truse, var ikkje det særs populært. Grining og nakne ungar, eg fekk panikk! Eg håpar at det vert lettare å få han i seng neste gong. (Dersom eg torar å utsetja augene mine for noko slikt igjen.) Resten av kvelden gjekk med til ineffektive foredragsskriving.

Som dykk ser, så er det jammen meg gang på Eikeland og!

3 kommentarer:

  1. Eikeland er jo reine TEXAS!

    SvarSlett
  2. hahaha! Det er i alle fall Texas tilstander.. :p Tri gonge bedre enn bryne i alle fall Ragnhild ;)

    SvarSlett
  3. hahahahahaha
    Ungane no til dags altså!

    hilsen Elin

    SvarSlett