tirsdag 9. juni 2009

Er du dum?

Dette har eg høyrt mange gonger i det siste. Grunnen er at eg har fortald at eg ikkje kjem til å reisa i garden, men derimot har eg vald å gå i drivhuset i bedehuskyrkja - på BRYNE. Reaksjonane har vore mange, og du tenkjer kanskje sjølv at eg er dum. Men sjølv meiner eg at dette valet er rett; og nei, eg er ikkje dum.

Garden er noko eg hadde gleda meg til lenge. Eg hadde kome inn, noko som eg synest var stas. Me skulle reise til Australia, eg skulle kome i god form, eg fekk spela det instrumenet eg likar best, og ikkje minst så fekk eg betalt for noko som eg ville. Det var altså mange verkeleg gode grunnar for å reisa i garden. Men det er eit "men" der. Eg er kristen, noko som gjorde at eg var litt skeptisk.

Akkurat no er eg veldig klar for å verta meir kjend med Gud, noko som ikkje er lett når det er harde oppgåver og konstant press. (Noko det ville vert i garden) Den fritida ein har, vil ein bruka til å sova, sidan dagane er harde. Garden er nok ikkje plassen for meg akkuratt no... Grunnen er at eg ville stagnert på det åndelege planet. Det er noko eg ikkje vil. Dersom eg får eit år i drivhuset vil eg nok læra masse om meg sjølv og mitt forhold til Gud. Noko eg kan bruke resten av livet. Eg vil nok få lærdom i garden, men ikkje i nærleiken av det eg vil få i drivhuset. Og lærdommen vil vera forskjellig. I garden vert ein sterk fysik, i tillegg til å kjenna sine eigne grenser. I drivhuset vil eg utvikla meg på mange plan. Eg må nødvendigvis trena, sidan det er noko eg likar. I tillegg skal eg arbeida dei dagane det ikkje er undervisning. Eg har tenkt å arbeida ein plass med mennesker som treng hjelp. For å verkeleg kunne gjera ein forskjell. Det er forskjelleg mellom garden og drivhuset. Mogleika til å gjera ein forskjell for menneske som eg er glad i.

Planen til hausten er å flytta i leiligheit på Bryne (gje beskjed dersom du veit om ledige leiligheitar som er ledige og til ein rimeleg pris.) i lag med Solfrid. På den måten må tvingest eg til å ta hensyn til eit anna menneske. Begge må arbeide for å få råd til å bu der me skal bu, noko som gjev oss smaken av korleis det verkelege liv er. Dette er ein erfaring er ikkje ville fått i garden.

Oppsamla veg argumenta for drivhuset sterkast. Eg vil verta ein bevisst disippel og etterfølgjar av Jesus, eg skal difor i drivhuset. Eg håpar at dei som ikkje forstår valet mitt i alle fall at mitt val vert respektert. Og eg håpar at eg ikkje vert spurd om eg er dum ei gong til. For eg ønskjer at folk rundt meg skal respektera valga mine.

For spesielt interesserte:
(Det er og positivt at eg skal på ein bibelskule som er heime på heimstaden min. Eg får sjangsen til å læra her eg bur, og ikkje læra mykje, men ikkje praktisera det. Opplegget i drivhuset er nettopp slik. Ein skal arbeide for å ikkje ekskludera seg frå samfunnet, i tillgg til at me praktiserar det me lærar heime - her me skal bu. For meg fungerar dette veldig bra. Dersom eg hadde reist vekk, ville eg nok hatt eit fantastisk år. Men det som hadde skjedd etterpå, hadde nok vore at eg såg tilbake på eit flott år. Problemet hadde vore at eg ikkje hadde praktisert det eg lærde når eg kom heim.)

5 kommentarer:

  1. Eg like veldig godt denne sanne historien, og eg glede meg t å bli bedre kjent med deg Weronica! :-)

    veldig oppmuntrande å lesa!

    SvarSlett
  2. du er ikkje dum. du er smart! og eg syns det er stilig av deg å ta det valget som du har gjort! stå på <4-2+1

    det blå rommet er ledig neste år! og gratis (: men du må sikkert klappe pia litt av og til :3

    SvarSlett
  3. Eg glede meg te å bli kjent med deg og Solfrid :)

    Thanks Katarina! Du e ein av di få så ikkje seie det:) Det betyr mye for meg! Tippe det hadde vert super-merkeligt viss eg hadde bodd hos deg..

    SvarSlett
  4. æ skjønne dæ, og du sa nånn inni-hekkan så gode ord i innlegget.
    æ syns ikke du e dum i det hele tatt. beklager hvis æ virka for overraske i går når du sa det.
    Stå på! Og ta det valget som e riktig for dæ :D

    SvarSlett
  5. Takk for det Ingeborg :) det va ganske seint når eg skreiv dette innlegget, noge du sikkert ser på alle dei merkelige setningane som va der, men hovedpoenget kom i alle fall fram :D

    SvarSlett